Turområdet Bøelva

Turområdet omfattar elvestrekninga frå Oterholtbrua til Gårabru. Her er det merka stiar på begge sider av elva. Stort sett flatt terreng og lett å gå – heile året. Du kan gå på brei sti/veg omtrent heile vegen frå Oterholt til Gårabru på nordsida av elva. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Vegen fram til parkeringsplassen

For dei som vil bruke bil, er det parkeringsplassar både ved Oterholtbrua, Folkestadbrua og Gårabrua.
Parkeringa ved Bø Museum på Oterholt er utgangspunkt for “Kulturstien”. Etter 0.4 km frå rundkøyringa i Bø sentrum vestover på Seljordsvegen svingar du til høgre mot Oterholt ved Statoil, til saman 2.7. km.
Parkeringa ved Folkestadbrua er utgangspunkt for “Kulturstien ” og “Folkestien”. Følg Folkestadvegen mot Notodden 1.7 km frå Bø sentrum (rundkøyringa).

Kart 

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Haugesag bru. Ny bru over Gjuvsåa i august 2016

Haugesag bru. Ny bru over Juvsåa i august 2016

Stien langs Bøelva følger grusveg store deler av nordsida av elva. Foto: Olav Finstad.

Stien langs Bøelva følger grusveg store deler av nordsida av elva. Foto: Olav Finstad.

Web-kart Bøelva – Sjå web-kartet på ei heil side.