Turområdet Breisås

Søraust i Bø ligg det store høgdedraget Breisås. Dette er turområde for både Bø, Nome og Sauherad.  Vide furuskogar dekker særleg dei øvre delar, meir granskog lenger ned. Litt lauvskog veks i dei mjuke liene ned mot bygda. Den øvre delen av åsen har fleire blinkande skogsvatn som freistar til ein dukkert om sommaren.

Det er blåmerka stiar med mange turvariantar og snøskuterpreparert skiløype om vinteren. Her er lett å gå, men lange slake bakkar opp mot vatna på toppen. Omlag 250 høgdemeter frå parkeringsplassane og opp til skogsvatna. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Håsårudhåtten kulturminnefelt

Kulturminnefeltet ligg lengst nede i Breisås. Frå parkeringsplassen ved Breisås Studentheim kjem du fram til kulturminnestien “Spinnehjulet” med gravfelt, kolmile, kolgroper, holvegar og Bordvegen. Klikk på spinnehjulet for å lese meir om Håsårudhåtten kulturminnefelt.

Spinnhjulet

Spinnhjulet

Vegen fram til parkeringsplassen

To parkeringsplassar finn du i Breisås bustadfelt. Avstanden frå Bø sentrum er knapt 2 km. Frå Bø sentrum (rundkøyring) følgjer du først riksveg 359 mot Lunde. Etter jernbanestasjonen (430 m) tar du av til venstre over jernbanen mot Breisås på Bordvegen.  Følg nå Bordvegen og deretter Venåsvegen  fram til parkeringsplassen ved studentheimen i Breisås (inn til høgre på stor parkeringsplass) 1750 m frå sentrum. Køyr vidare på Venåsvegen fram til parkering ved Steinfyllinga, 1950 m frå Bø sentrum.

Kart

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Damtjønn. Foto Arne Hjeltnes.

Damtjønn. Foto Arne Hjeltnes.

Tursti på Venås. Foto Berit Bø.

Tursti på Venås. Foto Berit Bø.

Karakteristisk profil på Breisås, sett frå Eikamogane  i oktober. Foto: Ingrid Bergane

Karakteristisk profil på Breisås, sett frå Eikamogane i oktober. Foto: Ingrid Bergane

Web-kart Breisås

Sjå sommerkartet eller skiløyper i Breisås på ei  heil side.