Bryggefjell

Bryggefjell kneisar høgt over Bødalen i NV. Her er det lang og bratt oppstigning på 430 høgde-meter frå parkeringsplassen øvst i Liheia opp til store isskurte svaberg. På Bryggefjell-nuten 778 moh har ein panoramautsikt ut over Bøbygda og opp mot Lifjell. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassen: Sjå på informasjonstavla.

Blir turen til Bryggefjellnuten for strevsam, kan ein nøye seg med ein kortare tur frå Breskelia opp til den gamle husmannsplassen Ånto innunder Bryggefjell. Det er om lag 3 km til Ånto frå parkeringsplassen og 350 m høgdeforskjell. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassen: Sjå på informasjonstavla.

Bryggefjell er ikkje eigna til skitur.

Vegen fram til parkeringsplassen

Avstanden frå Bø sentrum til parkering ved Innleggen er 6.1 km. Følg først riksveg 36 mot Seljord frå Bø sentrum (rundkøyring) og ta av mot Oterholt etter 0.4 km. Ved Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia) og vidare til venstre mot Innleggen etter 5.4 km frå Bø sentrum.

Kart 

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

På Bryggefjellnuten mot Bø-dalen. Foto Arne Hjeltnes

På Bryggefjellnuten mot Bø-dalen. Foto Arne Hjeltnes

Skjentjønn til høgre og Bryggefjellnuten til venstre. Foto: Bergit Li

Skjentjønn til høgre og Bryggefjellnuten til venstre. Foto: Bergit Li

Web-kart Bryggefjell – Sjå web-kartet på ei heil side.