Turområdet Bukkelifjell i Årmotdalen

Lengst nord i kommunen og aust for Lifjell og Årmotdalen ligg Bukkelifjell. Her finn vi tufter etter stular og plassar som vitnar om ein annan og hardare kvardag enn vår. I vår tid har skogen teke over, men opne kollar, myrar, tjønnar og blinkande små vatn liver opp i landskapet. Utanom dei blåmerka stiane finst det umerka stiar og spennande “villmark” for dei som ønskjer å ta seg fram på eiga hand.
Bratt oppstigning på 350 høgdemeter frå parkering ved Nord-Årmot til Rypeskaret på Bukkelifjell. Ein del blaute parti særleg i området frå Løkjin til Tyristul krev godt fottøy. Bukkelifjell er lite egna til skitur. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassen: Sjå på informasjonstavla.

Turområdet Årmotdalen omfatter Bukkelifjell (i nord) og Gamlestulfjell (i sør).

Vegen fram til parkeringsplassen ved Nord-Årmot

Frå Bø sentrum til parkering ved Nord-Årmot i Årmotdalen er det 13.3 km. Følg først Folkestadvegen mot Notodden fram til Telemarkshallen (4.9 km). Like etterpå svingar du av til venstre frå Reshjemvegen i retning Årmotdalen (etter 5.5 km frå Bø sentrum). Ved Åsebrua (8 km) svingar du til venstre inn Årmotdalen på bomveg og køyrer rett fram langs hovudvegen i dalen til Nord-Årmot og parkering nær vegen.

Kart

Informasjonstavle ved parkeringsplassen har kart på plakat i A3-format. Kartet kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Løkjindammen og Bukkelifjellet bak. Foto: Arne Hjeltnes

Løkjindammen og Bukkelifjellet bak. Foto: Arne Hjeltnes

Rypeskaret mot Gaustatoppen. Foto Arne Hjeltnes

Rypeskaret mot Gaustatoppen. Foto Arne Hjeltnes

Web-kart Bukkelifjell – Sjå web-kartet på ei heil side.