Turar i 2017

Turane frå turprogrammet blir omtalt på denne sida etter kvart som annonsa i Bø blad er klar.  Nokre turar blir bare annonsert på heimeside og Facebook. Omtale av turar frå tidlegare år: 2010201120122013201420152016.
Turprogrammet for heile året finn du i dokumentet:  Bø Turlag 2017.


Over Breisås

Søndag 24. september 
Vi møter fram ved parkeringsplassen nedanfor Bøsenteret (ved Bø Auto) klokka 9.30 for felles køyring. Vi køyrer til Teksten mellom Gvarv og Årnes.

Derifrå går vi på kjerreveg oppover bratte bakkar ein snau time. Etter ein liten avstikkar til Sulukollen, der vi nyt utsikten over Årnes og Norsjø og kanskje fyller på litt energi, vandrar vi vidare i lett terreng langs Sulukolltjønn og vidare til Kringletjønn. Derfrå er det fleire vegar – vi går over Gamlestul og tar stigen på austsida av Raudmyrane og den koselege turen over Røysdeilåsen og vidare ned gjennom byggefeltet. Nokon må så hente bilane ved Teksten.

  • Turen er middels krevjande og om lag 10 km lang
  • Turleiarar: Margit og Bjørn Steen, telefon: 90243949

Rasteplass like nord for Røysdeilåsen. Foto: Arne W. Hjeltnes

Rasteplass like nord for Røysdeilåsen. Foto: Arne W. Hjeltnes

Bømarsjen 2017

Søndag 17. september
I år går Bømarsjen  på Vatnar.  Parkering, start og innkomst på Vatnar grendehus. Matstasjonen på Brånan like ved Lauvtjønn. Sjå kart ved å klikke på bildet av kartet til høgre.

  • Registrering og parkering ved Vatnar Grendehus – kl. 10.00-12.00
    Plakatar i Reskjemvegen ved Vatnar viser veg til parkering
  • Registrering ved mål ved Vatnar Grendehus seinast kl 16.00
  • Vaksne kr 50,- barn kr 20,- familie kr 100;- Hugs kontantar

Lang løype: 11 km

Variert løype på skogsvegar og skogsstiar rundt Stadskleiåsane. Lang slak motbakke opp mot Vermelia, elles små stigningar. Kan vera litt vått ved Lauvtjønn etter nedbør. Kan normalt bruke joggesko i tørt ver. Idyllisk parti langs Lonåa der ein både ser og høyrer elva.

Kort løype 6 km

Lett løype med lite stigning opp til Lauvtjønn. Varierer mellom veg og sti. Ved regn, vått ved Lauvtjønn. Små glimt av tjønna gjennom lauvet. Kort løype følgjer trase til lang løype.

Matstasjon på Brånan

Matstasjonen nord for Lauvtjønn er open frå kl 11.00 – 15.00.

  • Servering av nysteikte sveler, kaffe og saft
  • Vi fyrer opp eit bål til eigen grillmat
  • Konkuranse i hesteskokasting. 

Brånan, matstasjon 2017. Foto: Arne W. Hjeltnes

Brånan, matstasjon 2017. Foto: Arne W. Hjeltnes

Bømarsjen går rundt Stadskleivåsane og til matstasjon nord for Lauvtjønn.

Bømarsjen går rundt Stadskleivåsane og til matstasjon nord for Lauvtjønn.

Himingsjå

Laurdag 9. september 
Bø Turlag er invitert til å delta på opninga av den nye turisthytta til Notodden Turlag ved Gavlsjå kl 13 på laurdag. Dei som ønskjer å vere med kan møte opp ved kommunehuset. Vi køyrer inn Årmotdalen og parkerer ved Grønbygil. Lett tur inn til Gavlsjåsetra og vidare fram til hytta. Enkel servering på hytta.

  • Fellestur starter frå kommunehuset kl 10.30
  • Sjå oppslag om turen på heimesida til Notodden Turlag:  Opning av Himingsjå
  • 5 km frå parkering ved Grønbygil på veg og sti: kart

Turleiar: Arne W. Hjeltnes, mob.: 46 45  18 50

Himingsjå, den nye hytta til Notodden Turlag

Himingsjå, den nye hytta til Notodden Turlag

Sopptur til Folkestadåsane

Tysdag 5. september 
Frammøte i Hegnunvegen ved gammal tømmervelteplass aust for Hellestad sandtak kl. 17.00 (på vegen mellom Folkestad og Valen). Ta med soppkurv og kniv, ikkje plastpose.

Turleiarar er Margit og Bjørn Steen,  mob.nr. 993 95 664

Bjørn Steen har samla informasjon om eit knippe sopp. Sjå på bilde og kjenneteikn. Les meir….

Gul kantarell.

Gul kantarell.

Tåråfjell

Sundag 3. september
Fellestur til Tåråfjell. Middels krevjande tur.
Frammøte ved Bø torg kl. 09.30.
Samkøyring til Grønkjær.

Turleiar: Halvor R. Gåra, mob. 90562953

 

Husefjell i Lunde

Tysdag 22. august
Kveldstur til Husefjell i Lunde. Middels krevjande tur.
Frammøte ved Heradshuset kl. 17.30.

Turleiar: Thorvald Amundsen, tlf 959 44 839.

Omtale av turen på:

 

Bø sentrum

Onsdag 14. juni.
Rusletur i Bø sentrum. Husmannsplassar og nyare historie.

  • Frammøte ved Liabygget kl 18.00
  • Servering Bø Torg. Kr. 120.- 
  • Turleiar: Ingvar Skobba og Finn Rønning.

Bø sentrum i 1922. Foto: Carl Normann,

Bø sentrum i 1922. Foto: Carl Normann,

 

Bryggefjell frå nord

Tysdag 13. juni.
Kveldstur til Bryggefjell frå nord. Litt krevjande terreng opp og ned.

  • Oppmøte ved Bø torg  kl. 17.30.
  • Kjøring i privatbilar til Åstul.  Bompengar kr. 40 
  • Turleiar: Halvor R. Gåra (mob. 905 62 953)  

Turen startar frå Åstul inne i Limarka, og det blir ein tung start i motbakkane opp til Kakkelømshola og vidare til Bryggefjellnuten, 786 moh. Ved Skjenan, 816 moh, er det fine rasteplassar til kaffipause. Her oppe er det panoramautsikt til fjell og bygder i Midt-Telemark. Nedturen følgjer ryggen vestover mot Skålbuhaugane og så ut dalføret til Dyrdalen og vidare langs «skiløypa» til Åstul. Dei fleste har gått merkaløypa  til Bryggefjell, så denne turen er tenkt som ein rundtur i dei meir ukjende traktene av dette spennande fjellmassivet med  svaberg og urskogsprega dalsøkk. Om ikkje vergudane er i ulage, bør dette bli ei fin vandring i junikvelden.

Bryggefjellnuten mot Bø og Breisås. Foto: Ingrid Bergane.

Bryggefjellnuten mot Bø og Breisås. Foto: Ingrid Bergane.

 

Gautil/Meinstadfjellet

Tysdag 6. juni
Kveldstur til Gautil/Meinstadfjellet.

  • Frammøte ved Heradshuset kl.18.
  • Turleiar er Tor Lønnestad (915 11 154)
  • Kjentmann Jan Anders Haugland.

Utgangspunktet er badstoga i Vebekkdalen, på veg mot Telnes. Turen er ikkje lang, men det er god stigning, og turen er difor rekna som “middels krevjande”. Ferda går langs ein traktorveg innetter dalen. Etter vel ein halvtimes tid flatar vegen litt ut, og vi kjem etter kvart fram til plassen Grabbu. Herifrå kan vi ta bratt opp til Meinstadfjellet på 469 moh med flott utsyn, der Bø Turlag har ny turpost i år, eller vi kan halde fram langsmed Grabbutjønna og til Gautiltjønna. Kanskje rekk vi begge.

Plassen Grabbu. Foto: Tor Lønnestad

Plassen Grabbu. Foto: Tor Lønnestad

 

Maskat

Søndag 28. mai
Tur til Maskatgår frå Holtan Damtjønn via Dyrud Damtjønn. Tilbake via Dipilen. Dette er ein middels krevjande tur på 5-6 timar. Så ta på godt fottøy og ha med nok mat og drikke. Flott utsikt på toppen.

  • Oppmøte ved kommunehuset kl. 10 for felleskjøring til Holtan Damtjønn i Sauherad.
  • Turleiar Ingrid Askildt, mob.nr.901 48 962.

Maskat mot Stokklandsheia, Årmotdalen og Lifjell bak. Foto: Arne Hjeltnes

Maskat mot Stokklandsheia, Årmotdalen og Lifjell bak. Foto: Arne Hjeltnes

 

Pilegrimsvandring

Torsdag 25. mai

Pilegrimsvandring frå Nes kyrkje til Bø gamle kyrkje torsdag 25. mai kl.8.30 / 9.30 – 17. Markeringar ved start og mål, kulturelle innslag, servering undervegs der mat kan kjøpast.

Meir informasjon

Pilgrimsvandring

Pilgrimsvandring

 

Fugletur

Laurdag 13. mai
Laurdag formiddag kan du vere med på fugletur i Sandaområdet, Øvre Bø. Det blir ein roleg rundtur på begge sider av elva. Vi vil ta for oss fuglelivet i kulturlandskap og langs vassdrag. Turen vil vare omlag 2-3 timer. Vel møtt til alle morgonfuglar.

  • Oppmøte ved kommunehuset kl.8.30 for felleskjøring.
  • Turleiar Øyvind Steifetten, mob.: 930 45 349

Stokkand. Foto: Richard Bartz

Stokkand er vanleg i vatn og rolege parti i elva. Foto: Richard Bartz

Brekkegrenda

Tysdag 9. mai 
Koselig kveldstur i Brekkegrenda kor vi passerar plassane Kåsa, Todalen og Brekketo med flott utsikt mot Seljordsvannet. Tar en kaffepause på ein av plassane. Er vi heldige får vi også sjå fylkesblomsten søstermarihand og andre orkidear. Lett tur. Ta med kaffe og niste. 

  • Oppmøte ved kommunehuset kl 17.30 for felleskjøring.
  • Turleiar: Haldis Brekke Aanonsen, mob.nr.: 992 92 899

Velkommen til vårtur med Bø turlag.

Kåsa i Brekkegrenda. Foto: Ingrid Bergane.

Kåsa i Brekkegrenda. Foto: Ingrid Bergane.

Bergenåsen og Forbergåsen

Tysdag 2. mai
Sykkel- og gåtur til Bergenåsen og Forbergåsen.

Oppmøte på heradshuset kl. 18.00. Atterhald om veret. 

Med mottoet “på ukjente stigar midt i bygda” inviterer Bø turlag til kombinert sykkel- og gåtur. Vi syklar til vestsida av Bergenåsen, parkerer syklane og tar ein rundtur til fots på åsen. Vidare syklar vi til austsida av Forbergåsen og fylgjer gode stigar på langs av åsen. Det blir pause med kaffi og niste på eit av utsiktspunkta. Du blir ikkje avvist viss du ikkje har sykkel, men det er knapt med parkeringsplassar.

Turleiarar: Margit og Bjørn Steen, tlf. 902 43 949. 

Forbergåsen ligger midt i kulturlandskapet. Foto: Arne W Hjeltnes.

Forbergåsen ligger midt i kulturlandskapet. Foto: Arne W Hjeltnes.

Haukvikfjellet

Onsdag 26. april.
Gvarv Turlag inviterer til kveldstur til lia under Haukvikfjellet, sør for Nordsjø Ferieland.

  • Avreise frå kommunehuset i Bø kl 16.45.
  • Avreise frå Gvarv stasjon kl 17.00. Her møter vi Gvarv Turlag.
  • Kontaktperson i Bø Turlag: Arne W Hjeltnes, mobil: 46 45 18 50
  • Kjentdame er Karin Pedersen, Gvarv Turlag.

Felleskjøring til parkering ved garden Kleveland i Liagrend. (parkering etter avtale med grunneiger). Me følger først ein bratt gammal steinveg oppfor gardstunet, som etter ca. 1 km. går over i ein smal sti i kupert terreng. På stien mot Sveune, går me forbi en gammal stul med navnet Massebu. Oppe på Sveune er det fin rasteplass med flott utsikt. Her kan me vurdere om me går ein runde innom Fjellstul på veg ned igjen. (ca. 1 km lengre).

Heile runden er ca. 6 km med 320 m høgdeforskjell. Husk gode sko, me skal over både bekker og myr. Den siste km er på bratt steinveg ned igjen.

På web-kartet ser du Liagrend (start), Massbu (turmål) og Fjellstul (turmål).
Sjå på web-kartet

 Oppe på Sveune er det fin rasteplass med utsikt over Nordsjø mot breisås og Lifjell. Foto: Karin Pedersen

Oppe på Sveune er det fin rasteplass med utsikt over Nordsjø mot Breisås og Lifjell. Foto: Karin Pedersen

Lifjell på langs

Søndag 12. mars
Skitur Grimås – Hollane – Jønnbu. Krevjande høgfjellstur på 25 km.
Maxitaxi frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata (ved Bø Blad) kl. 09.05. 

Pris for medlemmer kr 150, barn/ungdom under 18 år kr 50, andre kr 200. Dette dekker også deler av kostnaden til løypemaskin som køyrer over fjellet laurdag. 

  • Påmelding innan fredag 10. mars til turleiar Gunleiv Brukås, tlf.: 908 43 925 
  • NB! Det er begrensa plassar i 4 maxitaxi som går frå Jønnbu til Grimås
  • NB! Ta med nøyaktig beløp på maxitaxi.

——————

Vinteren er nå på sitt beste på Lifjell. Flott føre og nok snø! Det betyr at Bø Turlag på nytt innbyr til Lifjell på langs. Dette er dagen for dei som vil krysse Lifjell frå Grimås til Jønnbu. Bratt opp med utsikt mot Flatdal og Skorve. Bratt ned på den andre sida med Norsjø og Geiteryggen i synsranda. Mesteparten av turen elles går i fint, bølgjande fjellterreng med nutar og kvite vatn på alle kantar.

Legg derfor ikkje bort skiutstyret, pakk sekken kvelden før og bli med på denne vandringa over vårt næraste høgfjell. Det er stikka løype frå Grimås til Jønnbu så det blir høve til å gå i eige tempo og bruke dagen over fjellet. Kjem sola fram, vil nok pausene bli lenger i sørhellingane. Ein stopp på Hollane med kaffe og vaffel er ekstra fristande om veret blir surt.

Maxitaxiane startar frå Jønnbu. Det er derfor lurt å ha eigen eller andre sin bil der med tanke på heimturen. Det blir også høve til å gå på i Bøgata (ved Bø Blad) eller langs bussruta elles (etter avtale). 

Vel møtt til en flott høgfjellstur med Bø turlag!

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Liten kvil etter den lange bratte bakken opp frå parkering under Grimås. Skorve troner i bakgrunnen.

Ned til Blomtjønnan.

Ned til Blomtjønnan.

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus.  Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes

Hollane seter byr på nysteikte vaflar og ein kvil innomhus. Slettefjell bak i bildet. Alle bilda: Arne Hjeltnes