Turområdet Folkestadåsane

Folkestadåsane er namnet på dei låge skogåsane mellom Folkestad-grenda og Hørteelva. Åsane har glissen furuskog, flate berg, runde åsryggar, store myrar og to fine tjønnar. Høgdeforskjellane er små. Dei lettgåtte stiane gjer dette til eit turområde som passar for alle, både liten og stor, gammal og ung. Turområdet er lett å nå til fots, med sykkel eller buss. Kort veg frå Bø sentrum. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Sjå og to flotte fossar i Hørteelva og Åseåa: Video
Fleire bilder: Lysbilde

Vegen fram til parkeringsplassane

Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) er ca 4.9 km til parkering ved Telemarkshallen og 3.9 km til Mogan. Følg først Folkestadvegen mot Notodden – mot nord. Etter 3.5 km ved avkøring til Hellestad Sandtak må du velje mellom dei to parkeringsplassane. Parkering ved Mogan til høgre eller rett fram til Telemarkshallen. (100 m forbi hallen.)

Kart

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Åskollen mot Nordsjø.  Foto: Leif Krosshaug

Åskollen mot Nordsjø. Foto: Leif Krosshaug

Store Trytetjønn. Her er det fleire fine rasteplassar og badeplass.  Foto: Arne Hjeltnes.

Store Trytetjønn. Her er det fleire fine rasteplassar og badeplass. Foto: Arne Hjeltnes.

Web-kart Folkestadåsane – Sjå web-kartet på ei heil side.