Turområdet Gamlestulfjell-Røytebufjell

Nord for Stoklandgrenda ligg eit stort skog- og heiområde som er ukjent for mange. Gamlestulfjell, Hjuringfjell og Sveiveli-nuten og lengre nord Anderslifjell og Røytebufjell. Heiane er rike på minne om tidlegare tiders bruk av naturen. Utanfor dei merka stiane er det spennande “villmark” for dei som ønskjer å ta seg fram på eiga hand. Det er små høgdeforskjellar (140 m) og lett å ta seg fram opp til Gamlestulfjell frå parkeringsplassen og inn til Andersli. Frå Andersli og opp til Røytebufjellet må du klatre opp lia 220 m. Blåmerka sti rundt Bukkelifjell er knytt saman med dette turområdet. Gamlestulfjell er lite eigna til skitur. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Turområdet Årmotdalen omfatter Bukkelifjell (i nord) og Gamlestulfjell (i sør).

Vegen fram til parkeringsplassen ved Røysland gard

Frå Bø sentrum (rundkøyring) til parkering ved Røysland gard øvst i Stoklandsheia er det 14.6 km. Følg først Folkestadvegen og seinare Reshjemvegen mot Notodden. Sving av til venstre mot Stokland etter 11.6 km frå Bø sentrum.

Kart

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Andersli. Foto: Ingrid Bergane

Andersli. Foto: Ingrid Bergane

På Årnåkollen mot Stoklandheia. Folkestadåsane  og Norsjø lengst bak.

På Årnåkollen. Folkestadåsane
og Norsjø lengst bak. Foto Berit Bø.

Web-kart Gamlestulfjell-Røytebufjell – Sjå web-kartet på ei heil side.