Turområdet Gygrestolen

 

Gygrestolen har til alle tider vore eit kjent landemerke for folk i Bø. Ikkje berre er Gygrestolen med ura og dei to kjempeblokkene ein heilt spesiell og særeigen fjellformasjon i vår del av landet, men det knyter seg også segner til stolen og ura.

Oppstigningen til Gygrestolen er lang og tung. På toppen ligg Venetjønn, og du kan nyte flott utsyn over heilandskapet i Midt-Telemark. God badeplass til Eikjabygda Vel ved Uvdalstjønna. Sykkel og bil er aktuelle framkomstmiddel til turområdet. Stor ny parkeringsplass. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Vegen fram til parkeringsplassen

Avstanden frå Bø sentrum til parkering nær Uvdalstjønna er ca 8 km. Følg først riksveg 359 mot Lunde frå Bø sentrum (rundkøyring). Etter ca 4 km tek du til høgre mot Tveiten ved Tjønnås. Hald til venstre i vegkrysset etter 6.2 km (Ikkje ta av på Dagstjønnvegen).

Kart

Informasjonstavle ved parkeringsplassen har kart på plakat i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

 

Venetjønn på Gygrestolfjellet. Foto: Arne Hjeltnes

Venetjønn på Gygrestolfjellet. Foto: Arne Hjeltnes

Gygrestolen og ura sett nede frå Sommerligrav. Uvdalstjønna fremst. Foto: Arne Hjeltnes

Gygrestolen og ura sett nede frå Sommerligrav. Uvdalstjønna fremst. Foto: Arne Hjeltnes

Web-kart Gygrestolen – Sjå web-kartet på ei heil side.