Turområdet  Høyslass – Bruskor

Høyslass og Bruskor er markerte kollar sør for Bødalen med bratte lier, tronge dalar, stup med berghyller og vide utsyn. Moderate høgdeforskjellar på 250 – 300 m frå parkeringsplassane til toppane av åsane. Frå tre parkeringsplassar kan du følgje skilt og merka stiar til tre markerte turmål: Bruskor, Trelsborg (bygdeborg) og Høyslass. Det er turbok på utsiktspunkta Høyslass og Bruskor. Turområdet er lett å nå med sykkel. Ueigna til skitur. Informasjonstavle i A3-format står på parkeringsplassane: Sjå på informasjonstavla.

Vegen fram til parkeringsplassen ved Tråvbanen

Det er kort veg frå Bø sentrum til tre parkeringsplassar: Forberg, Nordbøåsen og Tråvbanen. Avstanden frå Bø sentrum (rundkøyring) til Tråvbanen er ca 3.7 km. Følg først riksveg 359 mot Lunde, etter ca 2 km tek du til høgre mot Tråvbane/Skytebane (sjå vegskilt).

Kart

Informasjonstavler ved parkeringsplassane har kart på plakatar i A3-format. Dei kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Gravrøysa på Høyslassnuten. Foto Arne Hjeltnes

Gravrøysa på Høyslassnuten. Foto Arne Hjeltnes

Høyslassnuten mot Lifjell. Foto: Arne Hjeltnes

Høyslassnuten mot Lifjell. Foto: Arne Hjeltnes

Web-kart Bøelva – Sjå web-kartet på ei heil side.