Jøronnatten på Lifjell

Dette er den vestre delen av turområdet Lifjell.  Turen til Røksbufjellet og Jøronnatten er for dei som likar fysiske utfordringar og vakker, vill og storslått natur. Høge nutar, praktfull utsikt, fine fiskevatn og ville gjel med fossar og stup møter deg på turen. Jøronnatten (1276 moh.) er ein av dei høgaste toppane på Lifjell, og dette er den raskaste innfallsporten til det sentrale høgfjellsområdet på fjellet.  Sjå på informasjonstavla.

Om vinteren går det an å ta seg ned på ski den bratte lia frå Langetjønn i skuterløype ned til Vihusløypa. Du må kanskje ta av deg skia i dei brattaste kneikane.

Turområdet Lifjell omfatter områda Øysteinnatten og Jøronnatten.

Vegen fram til parkeringsplassen

Ved Røytejuvstølen, 11 km frå Bø sentrum (rundkøyring), finn du parkeringsplassen. Følg først riksveg 36 mot Seljord 0.4 km frå Bø sentrum og ta av mot Oterholt ved Statoil. På Oterholt, etter 2.8 km, svingar du halvt til venstre opp mot Li (Liheia). Etter 5.4 km frå Bø sentrum tar du rett fram ved skiltet til Innleggen (ikkje til venstre). Følg bomvegen inn “Limarka” og opp alle bakkane til parkeringsplassen under Røytejuvstølen.

Kart

Informasjonstavler med kart på plakatar i A3-format. Det kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Ved Langetjønn mot Jøronnatten (over). Foto Arne Hjeltnes.

Ved Langetjønn mot Jøronnatten (over). Foto Arne Hjeltnes.

Fossen i Valjuvet. Foto Arne Hjeltnes.

Fossen i Valjuvet. Foto Arne Hjeltnes.

Web-kart Lifjell

Sjå sommerkart eller skiløyper på Lifjell på ei heil side.