Bø Turlag

Formålet med laget er å leggje til rette for friluftslivet og betre kjennskapen til området vårt. Ei hovudoppgåve er  å rydde og merke stiar  og arrangere turar – gjerne i samarbeid med andre organisasjonar. I tillegg til dette skal laget argumentere for interessene til friluftslivet i aktuelle politiske saker.

Laget er medeigar i Løypelaget som bl.a. kjører opp Vihus-løypa og skiløypene nede i bygda.

Bø Turlag blei stifta i 1976 og har 318 medlemmer 1. janar 2016.