Øysteinnatten på Lifjell

Dette er den austre delen av turområdet Lifjell. Lifjell har eit variert og mangfaldig landskap med høge nutar, djupe dalar med vatn og ville elvegjel. Fjelltoppane har oftast ein avrunda form, men kan og vere tindeforma med bratte stup. Mellom toppane finn vi eit rolegare landskap. Øysteinnatten (1174 moh.) er eit kjent lande-merke og turmål for mange fjellvandrarar. Du kan velje mellom fleire korte rundløyper tilbake til Jønnbu utan å gå heilt opp om Øysteinnatten.  Sjå på informasjonstavla.

Bø Fiskelag har kultivert fleire av vatna i området. Om vinteren fører preparerte skiløyper til Bø løypelag deg opp i fjellet og kvista løype det siste stykket fram til toppen.

Turområdet Lifjell omfatter områda Øysteinnatten og Jøronnatten

Vegen fram til parkeringsplassen

Ta først nordover frå Bø sentrum (rundkøyring) mot Notodden på Folkestadvegen. Etter 4.0 km  like etter avkjøyringa til Sommerland  svingar du til venstre inn på Lifjellvegen. Følg vegen rett fram i alle kryss til parkering på Jønnbu (mot avgift) etter 13.2 km frå Bø sentrum.

Kart

Informasjonstavler med kart på plakatar i A3-format. Det kan du sjå på her eller skrive ut på printaren din, gjerne i A4-format. Sjå på kartet.
Turstiane finn du og på trykt Turkart Bø, 2011.

Informasjonen på web-kartet nederst på sida er “klikkbar”. Her finn du omtale av natur og friluftsliv i tekst, bilde og video. Du kan navigere deg rundt i kartet. Ta med deg kartet ut på mobil eller nettbrett. Finn fram til parkeringsplassen og turmål med GPS på mobilen. Les veiledning. 

Øysteinnatten mot vest, Jøronnatten og Mælefjell. Foto: Bergit Li

Øysteinnatten mot vest, Jøronnatten og Mælefjell bak. Foto: Bergit Li

Glekse og hovudløypa frå Jønnbu inn på Lifjell. Foto: Arne Hjeltnes

Glekse og hovudløypa frå Jønnbu inn på Lifjell. Foto: Arne Hjeltnes

Web-kart Lifjell

Sjå sommerkart eller skiløyper på Lifjell på ei heil side.