Rusleturar i Evjudalen

Tysdag 2. mai starta vi opp eit nytt tilbod som vi kallar “Rusleturar i Evjudalen”.  Fire organisasjonar samarbeider om det nye tilbodet: Nasjonalforeningen Oterholt Helselag, Bø Røde kors, Aktive eldre og Bø Turlag.

  • Vi inviterer til rusleturar kvar tysdag. 
  • Gullbring blir møteplass både før og etter turen.
  • les meir…. 

Kl 11.00 Oppmøte i Gullbring
Deltakarane får orientering av turvert om ulike rundturar og opplegget for rusleturane. Sjå kartet som gir oversikt over Evjudalen og nærområde. Deltakarane legg ut på turar, aleine eller i små grupper. Turverten kan vise veg der det trengst.

Kl 12.00 Innkomst i Gullbring
Deltakarane ordnar seg sjølv med kaffi og mat.

 

Gullbring kulturanlegg i Evjudalen. Foto: Arne W Hjeltnes.

Gullbring kulturanlegg i Evjudalen. Foto: Arne W Hjeltnes

 

 

Evjudalen og nærområda med turvegar og stiar.

Evjudalen og nærområda med turvegar og stiar.