Vedlikehald av turområde 

Bø Turlag held vedlike 8 turområde. Lifjell og Årmotdalen er delt opp i fleire delområde. Laget har ansvar for over 140 km merka stiar. Vi samarbeider med Gvarv Turlag, Notodden Turlag og Seljord Turlag om vedlikehaldet av stiar som kryssar grensene til andre kommunar. Laget er medeigar i Bø Løypelag som bl.a. kjører opp Vihusløypa og skiløypene nede i bygda. Lifjell Løypelag held ved like skiløypene på Lifjell.

Turområda har informasjonstavler ved ein eller fleire parkeringsplassar. Ute i marka viser skilt og merke kor du skal gå for å finne trygt fram. Ein eller fleire personar vedlikeheld eit turområde. Inge Bø og Thorvald Amundsen organiserer arbeidet i turområda.   

Turområde

Breisås

Ansvarleg: Bjørn Steen og Inge Bø

Bryggefjell

Ansvarleg: Sveinung Astad

Bøelva

Ansvarleg: Thorvald Amundsen og Halvor R Gåra

Folkestadåsane

Ansvarleg: Kåre Liestøl og Bjarne Herrefoss (frå mai 2017)

Gygrestolen

Ansvarleg: Terje Slåttedalen

Høyslass – Bruskor

Ansvarleg: Arne Hjeltnes

Lifjell: Rundt Røksbufjellet

Ansvarleg: Leif-Gunnar Brekke

Lifjell: Oksladalen til Holmendammen

Ansvarleg: Kristian Rantala

Lifjell: Jønnbu – Hollane – Øysteinnatten

Ansvarleg: Gunleiv Brukås, Thorvald Amundsen og Jarle Tyvold

Lifjell: Grønbygil – Økteren – Hollanfossen

Ansvarleg: Gunleiv Brukås

Årmotdalen: Bukkelifjellet

Ansvarleg: Gunnar Li

Årmotdalen – Gamlestufjellet – Røytebufjellet

Ansvarleg: Olav Halstensgård

 

Andre turstiar

Hørte – Skvisla – Ølsbru – Høgfosskåsa

Ansvarleg: Bjarne Herrefoss

Ølsbru – Vermelia – Lauvtjønn

Ansvarleg: Hans Hegna

 

Retningsliner for merking av turstiar

Bø Turlag ønskjer å følgje desse enkle prinsippa:

  1. På tydeleg markerte stiar er spreitt merking tilstrekkeleg. Vi treng ikkje sjå frå merke til merke. Merka er bare ei påminning om at du følgjer ein merka sti.
  2. På mindre tydelege stiar skal vi sjå frå merke til merke, tettast merking i fjellområde. Du treng merka for å finne trygt fram.
  3. I kryss skal vi alltid kunne sjå neste merke. Skilting må til om merka stiar går i fleire retningar.
Her finn du fleire detaljer om merking og skilting Les meir
Vi har ferdselrettar og pliktar i utmark Les meir
Handbok for skilting og gradering Les meir