Bø o-lag - Litt om historie og aktiviteter

Bø orienteringslag blei stifta i 1960 og fyller altså 50 år i 2010! Talet på medlemmer er for tida ca 50, men det var oppe i om lag 70-80 i den mest aktive perioden på 80-talet. Kvar veke i vår og haustsesongen, deltar om lag 30-40 løparar på klubbens treningsløp. Ein liten "kjerne" på 5-10 løparar deltar og i terminfesta løp i inn- og utland. Hovudmålet med verksemda i Bø er å gje tilbod til befolkningen om orientering som tur- trim- og konkurranseaktivitet.

Konkurranse

Dei første 20 åra i lagets historie var det få som deltok i løp utanom klubbløpa. Seinare har dette blitt meir vanlig, og i 1992 blei Lifjell o-lag stifta. Dette var ein klubb som fungerte som eit samarbeid mellom o-laga i Bø, Notodden og IL Skade. Notodden OL trekte seg ut av samarbeidet etter nokre år, og IL Skade har liten orienteringsaktivitet. Lifjell OL ligg derfor "brakk" no, og dei aktive deltakarane representerer no Bø orienteringslag i alle løp.

Laget har i seinare tid hatt ein del gode o-løparar som har hevda seg bra nasjonalt, og er i alle fall på seniorsida å rekne som beste klubb i Telemark. Lifjell OL vann gull i KM-stafettane både for herrer og damer, og blei nr 15 og 16 i tilsvarande stafettar i NM i år 2000.10.18

Treningsløp

Hovedaktiviteten på lokalt plan er treningsløpa kvar onsdag. Totalt i sesongen blir det arrangert ca 12-15 treningsløp frå snøen går om våren og fram til elgjakta om hausten. I dei fleste treningsløpa er det om lag 30 deltakarar, men enkelte løp kan samle opp mot 100 dersom studentane på idrettsstudiet på høgskolen sluttar fullt opp. Dette er tilbod både til nybegynnarar og meir avanserte og er åpent for alle som vil prøve. På hausten har vi "haustsprint". Kortdistanseløp som går over 3 kveldar i Oktober.

Turorientering

Interessa for turorientering har vore minkande, og dei siste åra har laget ikke arrangert turorientering. På 90 talet blei det sett ut om lag 30 postar fordelt på to eller 3 kart i nærområdet.  Enkelte år har det vore samarbeid med turlaget i Bø om meir spesielle opplegg der ein besøker historiske stader, gamle husmannsplassar eller andre spesielle lokalitetar i terrenget.

Kart

Bø o-lag har om lag 15 orienteringskart. 6 av desse er store og kvalitetsmessig gode nok til å arrangere større konkurransar på. 5-4 er relativt små sentrumsnære kart, og nokre treng revisjon. Sjå oversikt over lagets kart her.

Arrangement

Klubben arrangerer kvart år eit kretsløp for Telemark. Dette har vore tradisjon heilt tilbake til då klubben blei starta. Av større løp har vi arrangert VM-testløp i 1990, to løp i Sørlandgaloppen i 1991, og i 1996 hadde vi natt-NM i Nordbøåsane med base på Høgskolen i Bø. I september 2002 arrangerte laget NM-veka saman med Skien OK. NM mellomdistanse og stafett blei arrangert på kartet Folkestadåsane ved Bø Sommarland / Telemarkshallen.