Geocaching er ein aktivitet som passar for alle – ung og gamal – sprek eller ikkje så sprek. Me seier det er skattejakt med GPS. Du kan også samanlikne det med turorientering, med den skilnaden at du brukar GPS istadenfor kart og kompass. Men, når du kjem fram til punktet der "cachen" (utt: kæsjen) er må du leite etter den.
"Cachen" er ein type behaldar som inneheld minst ein logg (registrering). Behaldaren har ymse storleikar – frå bitte små magnetiske behaldarar 1 cm i diameter, til plastboksar på eit par liter. Den minste typen vert berre brukt i tettbygde strok, aldri i terrenget. Les meir på www.gcinfo.no om kvar "cachen" er lokalisert og korleis den er plassert.
For å vere med på geocaching må du registrere deg på www.Geocaching.com. Det kostar ingenting . Last ned "cacher" på din GPS - god jakt.
I månadskiftet mai/juni i år var det ca. 1.5 mill "cacher" i verden, over 15 000 i Norge. Telemark er på fyrsteplass med over 2 000. I Bø og omegn vert det satt ut stadig fleire "cacher".
I vår fekk me til eit samarbeid med ein lokal "cacher"- Astrid Brockhus. Det
resulterte i at det vart lagt ut "cacher" på 5 av Turlagets turknappmål. Her
finn du og turlagets postkasse for registrering av
"Turknappen". Så ta med deg kart – lad opp
GPS’en og sett nesa mot 5 ulike mål:
Anebunatten
Les om Anebunatten på heimesida til geocaching: |
![]() Anebunatten til høgre. Foto: Astrid Brockhus. |
|
|
Høgsåsen
Les om Høgsåsen på heimesida til geocaching:
|
![]() Utsikt frå Høgsåsen mot søraust. Foto: Astrid Brockhus. |
||
Tromfoss
Les om Tromfoss på heimesida til geocaching:
|
![]() Tromfoss. Foto: Astrid Brockhus. |
||
Stadskleivåsane
Les om Stadskleivåsane på heimesida til geocaching:
|
![]() Utsikt mot Lifjell frå Stadskleivåane. Foto: Astrid Brockhus. |
![]() Halvvegs opp til Stadskleivåsane. Utsikt sørover mot Bø-dalen. Foto: Astrid Brockhus. |
|
Blåur og Sveins hage
Les om Blåur og Sveins hage på heimesida til geocaching:
|
![]() Gavlsjå mot Blåur som ligg under Rognlifjellet - bak til høgre i bildet. Foto: Astrid Brockhus. |