Klikk på bilda for å sjå større format
Lifjell på langsSundag 21. mars Kontaktperson: Tor Lønnestad
|
|||||||
|
Det vil også i år bli høve til å gå Lifjell på langs på ski med Bø Turlag. Turen
over fjellet er omlag 25 km lang og kryssar dei flottaste partia av det sentrale
Lifjell. Før du legg i veg over fjellet på søndag, bør du ha noko skitrening. Du
kan gjerne slå deg i lag med kjentfolk frå Turlaget. Men kvar og ein kan gå i
sitt eige tempo og velje si eiga rute. Bø Turlag si primære oppgåve er å
organisere transport frå Jønnbu til Grimås.
Frå parkeringsplassen ved Grimås møter vi først ei bratt motbakke på ca 250 m stigning. Deretter vidare over Tvitjønnen, oppunder Blomtjørneggen og vidare til Godalstjønn. Herifrå får du oppleve slake, fine nedoverbakkar mot Hollane seter. Frå Hollane til Jønnbu er det naturleg å velje ruta gjennom Dyrdalen, om Sandtjønn og Glekse fram til Jønnbu. Desse løypene er preparert og kvista. Når veret er i godlag kan det friste å følgje ein høgtliggande umerka trase bak Blomtjørneggin og flotte bakkar ned til Holmetjønn og Eiangsbutjønn. Derifrå over Tritjønnan og ned på løypa til Godalstjønn og Hollane. Vi tilrår at du set bilen på Jønnbu. Organiser gjerne fellestransport tilbake
til Bø frå Jønnbu. Det blir ikkje sett opp buss av Turlaget frå Jønnbu til Bø om
ettermiddagen. Er det svært dårleg vêrmelding, blir turen avlyst. Bø Turlag
ønskjer deg god tur over fjellet. |
|||||||
|
|
|||||||
Kysttur til JomfrulandSundag 25. april Vi fyller opp privatbilar og køyrer til Kragerø. Vi møter Gvarv Turlag nede på kaia. Den største båten, M/F "Kragerø", fraktar oss ut i den flotte skjergarden kl 11.45. Retur: kl 18.30
Turleiar: Synne Syvertsen Blomquist.
|
|
||||||
|
|
|||||||
Dam- og fløtningsanlegg frå Vatnar til HørteTysdag 11. mai Ta med pølser til grilling. Turleiar: Peter Sevatdal.
|
|||||||
|
|
|||||||
Kanotur på BøelvaTysdag 11. mai Turen startar frå Sanda camping. Her låner vi 5 kanoar og redningsvestar. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Vi såg 5 bever her i førre veke etter kl 20 om kvelden. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei stor gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden. Rådyr er ikkje eit uvanleg syn. Vi reknar med å vere heime ca kl 21. Sjølve padleturen tek ein dryg time.
Foto: Arne Hjeltnes. (Strandsipe av
Finn Haug) |
|||||||
|
|||||||
|
|
|||||||
Bratterud Husmanns-plassTysdag 18. mai Professor Olav Solberg vil bli med oss på turen og fortelje historia om Liv Bratterud og møtet med Moltke Moe. Praktiske opplysningar:
|
|
||||||
|
|
|||||||
Fugletur til Evjutjønna på HørteOnsdag 19. mai
Naturvernforbundet i Midt-Telemark, Telemark ornitologiske forening og Bø Turlag arrangerar fugletur til Evjutjønna. Nedanfor Evju bygdetun ligg ein av dei beste fuglestadane i midtfylket. Evjutjønna er ei gamal bakevje til Gvarvelva som i dei seinare åra har grodd att med frodig vegetasjon. 154 fugleartar er observert ved tjønna.
|
|
||||||
|
|
|||||||
Østerli NistuguTysdag 25. mai
Nistugu Østerli er kulturhistorisk svært verdifullt. Det er vel ingen
andre tun i Telemark i dag som er i offentleg eige, og som ligg på
opphavleg plass med originalt interiør frå første del av 1800-talet.
Her er det høve til å oppleve korleis folk budde på
ein middels stor gard i Bø for snart 200 år sidan. Finn Rønning og
Asbjørn Storesund orienterer om gardar og plassar i Østerliheia og om
spelemenn og andre folk som har budd der gjennom tidene. |
Arrangørar: |
||||||
|
|
|||||||
TromfossTysdag 1. juni
Turleiar: Erik Forberg
|
|||||||
|
|
|||||||
Åse - HurrongstjønnTysdag 8. juni
Sjå "Tur- og turistkart Bø", 2003. Åse finn du like sør for Tjønnås i Eikjabygda. Hurrongstjønn ligg nærmare Gygrestolen, vest for Åse. Stien dit er merka av på kartet. Turleiar: Frode Bergan. |
|||||||
|
|
|||||||
Ramsås i UvdalTysdag 15. juni
Turleiar: Aase Aaland.
|
|
||||||
|
|
|||||||
Slåka - LondalenSundag 27. juni
Turleiarar er Ingebjørg og Kåre Myromslien, Gvarv. |
|||||||
|
|
|||||||
Husmannsplassar og gravhaugar i nedre BreisåsTysdag 17. august På initiativ frå grunneigaren har Kulturminnevernet i Telemark Fylkeskommune i sumar registrert gravhaugane på nytt. Dei er truleg frå yngre jernalder. Det vil i løpet av hausten bli sett opp ei infotavle. Bø Turlag vil, i samarbeid med grunneigaren, rydde turstiar inn i området. Turen tilbake til parkeringsplassen går på Bordvegen, som kring 1770 og truleg lenge før den tid, var viktig for tømmer– og bordkjøring frå Nordbygda i Lunde til Sperrudvelta ved Bøelva.
Turleiar: Inge Bø |
|
||||||
|
|
|||||||
ØkterenSøndag 22. august
Turleiar : Sveinung Astad
|
|||||||
|
|
|||||||
Husmannsplassar i området rundt TråvbanenTysdag 24. august
|
|||||||
|
|
|||||||
Solbjørgvatnet frå RoheimSundag 29. august Fin søndagstur frå Roheim til Solbjørgvatnet på Heia. Denne turen passar godt for turvante barn.
Turleiar: Ase Aaland
|
|||||||
|
|
|||||||
SoppturTysdag 31. august Ta med kniv, soppkorg og ein soppbok om du har. Ein plastpose er svært dårleg egna til å sanke sopp i, da soppen blir fort øydelagt i posen.
Turleiar: Bjørn Steen
|
Bjørn Steen har samla eit knippe sopp |
||||||
|
|
|||||||
Blåfjell i ÅrmotdalenSundag 5. september Frå Løkjin gjeng turen opp til Trogatjønn og den søndre Blåfjelltoppen (731 m). Om vi vil kan vi besøke Murukleivholet og dei andre Blåfjelltoppane før vi går tilbake til Trogatjønn og følgjer stien til bilane. Praktiske opplysningar:
Turleiar: Leif Krosshaug
|
|
||||||
|
|
|||||||
Bø-marsjen på Folkestadåsane m. familiearrangementSundag 19. september Som vanleg er det 2 løyper, ei kort (3.5 km) merka med gule band og ei lang (11.5 km) merka med raude. Begge startar og endar ved Telemarkshallen og har felles matstasjon ved Store Trytetjønn. I år utvidar vi matstasjonen med ulike aktivitetar, spesielt berekne på dei som går kort løype. Her blir det servering av saft, kaffi og kaker og høve til å steike eigne pølser på bål. Det blir skyting med storsprettert mot ein flytande blink på tjønna. Bø O-lag har instruksjon i bruk av kart og kompass, og etterpå kan ein finne fram til enkle postar i nærområdet. Ein får med seg elektronisk brikke som registrerer at ein er på posten. Parkering, registrering og start ved Telemarkshallen. Langløypa startar her og følgjer blåmerka turløype mot Høgfosskåsa. Her har Leif Krosshaug rydda og merka ein ny stig som Turlaget gjerne vil la mange få bli kjent med. Frå Høgfosskåsa er me inne på Grøne gangar langs Hørteåa og kan følgje vassdraget ned til Brukåsa. Herifrå går turen rett sørover og opp bakkane til Trytetjønna. Etter ein god rast her, er løypa lagt slik at ein skal bli godt kjent med løypenettet på den solvendte sida av åsane, ned mot Sandtaket, opp ein ny trase til Trytetjønna og så sør-vestover til Telemarkshallen, og du er i mål. Den korte løypa følgjer same traseen som den lange i starten, men svingar snart austover til Trytejønna. Barnefamiliar vil derfor få god tid til aktivitetar og prat på matstasjonen. Kort- og lang løype har same rute tilbake til Hallen. Bø Turlag ser fram til at mange nyttar seg av denne fine septembersøndagen til ein triveleg runde i naturen. I år er det Folkestadåsane som Turlaget vil skape blest om. Me trur at alt for få har oppdaga kor fint og familievennleg dette området er! |
|
||||||
|
|
|||||||
Familiedag på UvdalstjønnaSundag 5. desember kl 11.30 -14.30. Avlyst på grunn av mykje snø på isen! Program
Inngangsbillett
Du tar medGrillmat med tilbehør og
drikke til eige bruk.
Atterhald om dårleg vêr (mykje snø eller regn) |
Her finn du omtale av arrangementa dei
siste åra: Er isen sikker? - Les meir..
|
||||||
|
|
|||||||