|
Turane frå turprogrammet blir omtalt på
denne sida Klikk på bilda for å sjå større format |
Sjå omtala av turane i 2010 |
Juletrebål med gløgg og aking Laurdag 15. januar
kl 16.00 -18.00 inviterer Bø Turlag og Miljøagentene små og store til ein kald-varm oppleving i Evjudalen. Vi brenn opp juletreet ditt som ei markering av 20. dag jul og byr samtidig på varm gløgg. I eine sida på Evjudalen lagar vi i stand akebakke for store og små. Miljøagentene set opp lavoen sin. Alle blå- og rødnisser er og velkomne. Bø Turlag hentar juletreet ditt og køyrer det til Evjudalen. Sett det i vegkanten før kl 09.00 laurdag 15. januar. Sjå kart med køyreruta vår under. Ta gjerne med juletreet ditt sjølv til Evjudalen! |
||||||||||||||
Kontaktperson: Tor Sisjord,
|
|
|||||||||||||
Familietur til VihusSundag 13. februar Parker 200 m forbi gamle Lifjell hotell og ta deg fram til Vihus seter i skiløypa (ca 3 km). Kontaktperson: Tor Sisjord |
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Måneskinstur til StavsholtTorsdag 17. februar Hugs: HOVUDLYKT! Oppmøte: Kl 19.00 på parkeringa til Vihusløypa
Turleiarar: Turid L. og Halvor R. Gåra |
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Lifjell på langsSundag 27. mars Grimås – Jønnbu 25 km. Buss frå Jønnbu kl. 08.45 eller Bøgata kl. 09.05. Pris for medlemmer kr.100, barn/ungdom kr 20, andre kr.150. Atterhald om dårleg ver. Hugs sommartid! Turleiarar: |
||||||||||||||
|
Det vil også i år bli høve til å gå Lifjell på langs med Bø turlag. Skituren over fjellet er omlag 25 km lang og kryssar dei flottaste høgfjellspartia av det sentrale Lifjell. Før du legg i veg over fjellet på søndag, bør du ha noko skitrening. Du kan gjerne slå deg i lag med kjentfolk frå turlaget. Men kvar og ein kan gå i sitt eige tempo og velje si eiga rute. Bø turlag si primære oppgåve er å organisere transport frå Jønnbu til Grimås. Turleiarane vil følgje hovudgruppa. Frå parkeringsplassen ved Grimås møter vi først ein bratt motbakke med ca 250 m stigning, deretter vidare over Tvitjønnan, oppunder Blomtjørneggen og friske utforkjøringar ned mot Godalstjønn. Herifrå får du oppleve slake, fine nedoverbakkar mot Hollane seter. Frå Hollane til Jønnbu er det naturleg å velje ruta gjennom Dyrdalen, om Sandtjønn og Glekse fram til Jønnbu. Desse løypene er preparerte og kvista. Vi tilrår at du set bilen på Jønnbu. Organiser gjerne fellestransport tilbake til Bø frå Jønnbu. Det blir ikkje sett opp buss av Turlaget frå Jønnbu til Bø om ettermiddagen. Er det svært dårleg vêrmelding, blir turen avlyst. Bø Turlag ønskjer deg god tur over fjellet.
|
||||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Raudmyrane rundtSundag 8. mai Vi tar veg og stig opp til Åstjønn, går forbi Svarttjønn og vidare på austsida av Raudmyrane. Undervegs passerer vi ein fin kolle med god utsikt over myra. Frå sørrenden av myrene tar vi ein sidestig opp til toppen av Raudmyrkollen. Her tar vi ei god spisepause. Vidare går vi ned på vestsida av kollen og følgjer stigen på vestsida av Raudmyrane attende til Skrotteputten. Vi tar Midlingløypa ned att til steinfyllinga. Det er tid for fuglesong og vårblomster i mai! Bli med på ein fin vårtur Turleiarar: |
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
FugleturMåndag 9. mai Møt opp ved kommunehuset i Bø kl 19.30 for samkøyring til Øra.
Arr.: Naturvernforbundet i Midt-Telemark, Norsk Ornitologisk Forening
|
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
UvdalsheiaTysdag 10. mai Frammøte ved Tveiten gard inst i Uvdal kl. 11.00–15.30. Turleiar Arne Stykket viser og fortel om gamle plassar. Vandring i 3–4 km på veg, sti og i terreng. Sjå programmet til
|
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Kanotur på BøelvaTysdag 10. mai
Kanotur på Bøelva for heile familien. Turen startar frå Sanda camping. Her leier vi 5 kanoar og redningsvestar. Sjølve padleturen tek ein dryg time. Elva flyt roleg nedover til hengjebrua og er heilt ufarleg for dei som er lite vante med å manøvrere kano på rennande vatn. Under vegs til hengjebrua stoppar vi rett før Eriksteintjønna for bålkos og grilling. Vi reknar med å vere heime ca kl 21.00 Det er stor aktivitet i fleire familiegrupper bever like nedanfor rasteplassen. Etter kl 20 om kvelden kan vi rekne med å få nærkontakt med den store gnagaren. Langs elva er det eit yrande fugleliv av trost og andre sporvefuglar. Strandsnipa pip langs elvekanten og flyg framfor kanoen med hengande vengjer. Andre vassfuglar held seg på god avstand når ei gruppe kanoar forstyrrar kveldsfreden. Rådyr er ikkje eit uvanleg syn. |
|
|||||||||||||
|
Avreise frå kommunehuset kl 18.00
|
||||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Østerli/NistuguTysdag 24. mai
Nistugu Østerli er kulturhistorisk svært verdifullt. Det er vel ingen
andre tun i Telemark i dag som er i offentleg eige, og som ligg på
opphavleg plass med originalt interiør frå første del av 1800-talet.
Her er det høve til å oppleve korleis folk budde på
ein middels stor gard i Bø for snart 200 år sidan. Finn Rønning og
Asbjørn Storesund orienterer om gardar og plassar i Østerliheia og om
spelemenn og andre folk som har budd der gjennom tidene. |
Arrangørar:
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Okslastulen på LifjellSundag 19. juni
Bø Turlag, Bø Museum og Bø Prestegard har felles tur til Oksla-stulen på Lifjell. Det blir frammøte for felles køyring frå prestegarden kl. 10 til Jønnbu der ein parkerer og tar beina fatt. Turen inn til Oksla tar ein snau time i roleg gange. Alle tar med mat og drikke for seg sjølve. Jørund Lie og Finn Rønning Atterhald om veret. Oksla var fjellstulen til prestegarden i Bø. Saman med Vihus hadde Oksla høyrt til prestegarden heilt sidan 1587. Vihus var vårstulen for prestegarden, til Oksla drog dei seinare på sommaren. Etter presten Bøckmans tid (1887-1904) blei Oksla-beitet leigd bort til bygdefolk. I Oksladalen ligg også kunstnarhytta "Skrubbehiet" der målaren Torleiv Stadskleiv budde i mange år.
|
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Hanakam ved BlåfjellTysdag 21. juni
Sprek kveldstur til Hanakam. Som namnet seier er dette ein smal og hakkute fjellrygg like vest for Blåfjell. Han er lett å sjå frå Vefall når ein kjem køyrande frå Seljord mot Bø, og frå Lifjell ser ein fint Bryggefjell, Blåfjell og Hanakam som stig til vers sør for Stavsholtmyrane. Tanken er å gå opp frå vestsida og like til topps. Den første kilometeren går me på ein skogsveg og litt stiglaust før me finn ryggen me skal følgje til topps. Det er bratt her, men likevel lett å gå, og utsynet blir betre og betre til høgare ein kjem. Seljordsvatnet blinkar langt der nede, og i nord ligg nut etter nut og helsar på ein. Dette er den lysaste kvelden i året, så det skulle vera tid til ein liten runde oppe på platået. Gråndalstjønna mellom Hanakam og Blåfjell ligg som ei villmarksperle få kilometer frå Bø sentrum. Ein må smyge seg fram under bustegraner og kan fort støkke ein orre eller elg i gammalskogen som veks tett ned mot vatnet. Nutane rundt er ganske snaue, og det er lett å ta seg fram på ryggane, men brått må ein ned i ei kløft og opp på andre sida. Legg ein turen bortom Blåfjell, ser ein rett ned på Bøbygda og utover mot Grenland. På veg vestover att vil ein passere flere småtjønnar der ein kan ta seg ein rast eller bad og kanskje sjå sola sige ned bak Astridnatten i junikvelden. Tilbaketuren følgjer same rute ned frå Hanakam, men om nokon vil, kan ein ta seg ned i Tjønnstuldalen og følgje merka stig ned forbi Ånto til Breskelia. Den som på eiga hand vil utforske området Blåfjell – Hanakam, kan følgje turlagets stigar til Tjønnstultjønna og ta seg opp Gråndalen. Ta deg god tid,
|
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
GaustatoppenLaurdag 13. aug Meir informasjon på heimesida til Vi møtast ved Heradshuset kl 08.30 for samkøyring til Stavsro parkering (fylkesveg 651). Herifrå går stien opp til Gaustatoppen. Ta med mat og drikke. Servering på Stavsrohytta og turisthytta på toppen. Atterhald om veret. Turleiar: Arne Hjeltnes
|
Mange fleire bilde frå
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Kupanuten - Tjæremile i Øvre BøTysdag 23. aug Ein parkerer ved Skyttarbanen og går tildei to vassverka til Bø kommune og Tjæremila som 4H i Øvre Bø har sett i stand. Vidare går turen til Hønsefossen, kor det er fin utsikt!
Oppmøte vedHeradshuset kl 18.00
|
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Alfarnuten frå RøyslandSundag 28. aug Turen er noko krevjande - 8 km tur/retur.
Turleiar: Olav Halstensgård |
Velkomen til ein flott sundagstur!
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Okslastulen på LifjellSundag 4. september Orientering på staden om Okslastulen og kunstnarhytta Skrubbehiet til Torleiv Stadskleiv: Atterhald om veret.
Oksla var fjellstulen til prestegarden i Bø. Saman med Vihus hadde Oksla høyrt til prestegarden heilt sidan 1587. Vihus var vårstulen for prestegarden. Til Oksla drog dei seinare på sommaren. Etter presten Bøckmans tid (1887-1904) blei Oksla-beitet leigd bort til bygdefolk. I Oksladalen ligg også kunstnarhytta "Skrubbehiet" der målaren Torleiv Stadskleiv budde i mange år. |
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Sopptur på FolkestadåsaneTysdag 6. september Etter alt regnet er det mykje sopp i skogen no. Særleg er det bra med kantarellar, men også annan fin matsopp veks no overalt i skogen. Samtidig er det også mykje svært giftig sopp i år, og du må ikkje ta feil av giftsopp og matsopp. Frammøte klokka 17 på velteplass Ta med soppkorg og ein liten kniv. Plastposar egner seg dårleg til å plukke sopp i, da mange av soppane er skjøre og delar seg raskt opp i små bitar. Vi går ut i skogen i små grupper og samlar sopp kvar for oss. Klokka 18.30 er vi attende på velteplassen og skal kontrollere soppen. Vi skal sjå på kjenneteikna for dei mest kjende matsoppane og giftsoppane og snakke litt om korleis vi kan tilbrede soppen. Turleiar: Bjørn Steen
|
Bjørn Steen har samla eit knippe sopp
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Bø-marsjenSundag 18. september I år går Bømarsjen i området rundt Stavsholtmyrane. Sjå kart til høgre. Lang løype er 9.3 km og kort løype 5.5 km. Lett terreng, men nokre våte parti. Vaksne: 50 kr, barn 20 kr, familiar 120 kr (Bomveg inkludert). Start 300 m
aust for Stavsholt Matstasjon og aktivitetar på Høystul: Naturstig for barn. Bål for grilling av eigen turmat. Servering av kaffi og saft. Støttegruppa til Bø museum bidreg med bollar.
Finn fram til Stavsholt:
|
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||
Familiedag på UvdalstjønnaSundag 4. desember kl 11.30 -14.30. Er isen sikker? 3 lag ønskjer deg velkommen til familiedagen og den store flotte isflata på Uvdalstjønna. Program
Inngangsbillett
Du tar medGrillmat med tilbehør og
drikke til eige bruk. Kontaktperson: Arne Hjeltnes, Atterhald om dårleg vêr
|
Her finn du omtale av arrangementa dei
siste åra: Er isen sikker? - Les meir..
|
|||||||||||||
|
|
||||||||||||||