Tilbake til hovudsida

Omtale av turpostar 2012

Omtale av turpostane for 2012 blir oppdatert når dei 5 nye turpostane er lagt ut (april/mai). I omtalen under finn du dei turpostane som "står over" frå 2011

Det er i alt 17 turpostar på ulike stader i bygda. Seks av desse er faste. Desse er:

Nedanfor er det omtale av dei andre turpostane.

 

Anebunatten

Anebunatten er ein av toppane som gjev Lifjell si karakteristiske form sett frå bygda. I frå toppen er det fritt utsyn i alle retningar mot Jønnbu, Bryggefjell, Stavsholtmyrane, Nybufjellet, Oksladalen, Bø-bygda og meir til. Dette er ein lett tur frå Jønnbu parkering. Det tilrådast å leggje tilbaketuren over Krintofjellet. Der er det også fin utsikt, og i siste del av mai er det mykje grepplyng som blomstrar. Denne blomsteren dannar eit rosa teppe over heile den øvre delen av fjellet.

Forslag til rute: Start på Jønnbu parkering, og følg merka stig gjennom Anebudalen til stigkryss mot Krintofjellet og Anebuflåtin. Ta av mot Anebuflåtin (umerka stig mot vest), og følg denne ned mot ei lita myr der stigen snur mot aust og opp til toppen.

 

Blåur (Sveins hage)

Blåur har uvanleg frodig og sjeldan vegetasjon, og området har segner knytte til seg. Urda ligg i den sørvestvende skråninga i Rognlifjellet ovanfor Gavlesjå, og blåfarga kjem av den 600 millionar år gamle vulkanske bergarten amfibolitt. Etter forvitring gjev denne bergarten eit spesielt næringsrikt jordsmonn. Etter segna skulle presten Hr. Svein under svartedauden hatt hagen sin i den øvre delen av urda. Trå varsamt, da vegetasjon og plantesamfunn er sårbare i dette området.

Forslag til rute: Det er god plass for parkering framfor bommen i vegen til Gavlesjå. Følg vegen ca. 1,4 km til du kryssar brua over Gavlesjåbekken. Deretter følgjer du raudmerka stig fram til bilveg, kryssar denne og følgjer merka løype til stigdeile. Følg stigen til Myrgvarv fram til Gavlesjåvatnet. På denne strekninga passerer du ei postkasse til Lifjell grunneigarlag. Ta til høgre, og følg raudmerka stig langs vatnet. Etter å ha passert brua (Oset bru) over ein gamal dam følgjer du stigen brått til venstre ned til vatnet og vidare fram til eit båthus. Frå båthuset går du vidare ca. 40 m, og tek deretter stigen til høgre. Stigen fram til turposten er merka med raude band. Kassa er feste til ei stor furu.

 

Høgsåsåsen

Høgsåsåsen er meint som ein post der det er ein fordel å bruke GPS for å finne fram. Posten har følgjande koordinatar: N 59.27.958 E 008.57.684. Det er fullt mogeleg for den som ikkje disponerer GPS, å finne posten ved å leite på den høgaste ryggen. På denne ryggen er det relativt tett granskog, så posten er ikkje synleg på stor avstand.

Det er tilrådd å starte frå skogsbilvegen mot Stavsholt.

 

Ånto

Ånto ligg i Tjønnstuldalen. Her var det tidlegare ein husmannsplass. Kassa heng på ei bjørk like ved tuftene til uthuset. Lettaste turen går frå Breskelia. Elles er stigen frå Innleggen om Dingdongkyrkja eit godt alternativ.

 

Tromfoss

Tromfoss er 33 m høg og ligg i bekken Løken som kjem frå Stavsholtmyrane. Øvre del av fossen er forma som ei jettegryte, og frå denne fossar vatnet ut. Fossen er eit vakkert syn, og spesielt ved stor vassføring er han imponerande. Ein kan sjå restar etter fundamenta til eit sagbruk på austsida av bekken rett nedanfor fossen.

Forslag til rute: Parker bilen på flatt område ca. 300 m forbi Åstul. Følg traktorveg fram til bekkekryssing, og ta så traktorveg opp den bratte bakken mot vest. Om lag 200 m oppi bakken er det merka løype bort i bekkejuvet og fram til fossen.

 

Åstjønn

Åstjønn ligg på Breisås. Kassa heng i ei godt synleg furu ved stigen til badeplassen på tangen som går ut i tjørna.

 

Stadskleivåsane

Stadskleivåsane ligg ved den tidlegare gardsvegen frå Hørte til Vatnar. På denne toppen har det stått eit trigonometrisk punkt som har falle ned. I dette området er det fin utsikt mot Lifjell og delar av Bø-bygda.

Forslag til rute: Start ved bommen på austsida av Ølsbru i Langemyrdalen. Følg først skogsbilvegen og deretter den blåmerka stigen til Lauvtjønn. Stigen er den tidlegare gardsvegen og har merke etter tømmertranspost med traktor. Litt oppe i lia er det stigkryss, men stigane går saman igjen lengre framme. Hovudstigen går likevel til høgre. Stigen går forbi Vermelia, og etter ein bratt bakke og skarp sving ved skiltet til Lauvtjønn tek ein rett av til venstre. Posten finn ein om lag 80 m frå dette skiltet.

 

Jettegryta på Bryggefjell

Følg stigen til Bryggefjell til like før turposten på Bryggefjell. Ved den flatfjellryggen før toppen står det skilt til jettegryta, og stigen ned til venstre er blåmerka.

 

Sveigefjellet

Start ved Åse i Eikjabygda ved Hurrongen-skiltet. Følg tydeleg traktorveg forbi husmannsplassen Heistad. Passer nytt Hurrongen-skilt og vidare opp bratt traktorveg. Nesten på toppen av traktorvegen tek løypa av til venstre langs ein raudmerka stig. Stigen blir mindre tydeleg etter kvart som ein nærmar seg Sveigefjellet med eit tidlegare trigonometrisk punkt.

 

Sterke Anund-steinen

Denne avlange, høge steinen står på Forbergåsen og blei sett opp av Anund Storhaug. På grunn av sine kjempekrefter blei han også kalla Sterke Anund. Dette er ein kort tur som med fordel kan kombinerast med ein sykkeltur. Ved bruk av bil kan denne parkerast i ytterkanten av plassen framfor det gule grisehuset til Hans Forberg. Følg først asfaltbelagt stig til venstre forbi det kvite huset til Ingmar og Anne Berit N. Ulvenes. Stigen er merka med kvite og raude merkeband. Etter ein kort tur langs hovudstigen tek løypa av til høgre og fram til steinen.

 

Svenkeheller

Parker bilen eller syklane ved Flett i Folkestadområdet ved sida av Turlagets opplysingstavle. Løypa fram til Svenkeheller er merka med raude merkeband på trea og spesielt godt i stigkryssa. Gå ca. 250 m langs Hegnunvegen mot Hellestad Sandtak til traktorvegen som tek av mot venstre (mot aust) langs hogstfelt. Følg traktorvegen ca. 1 km til kryss med stig. Denne traktorvegen er delvis oppkjørt etter transport med hogstmaskin frå leggjeplass ca. 200 m frå Hegnunvegen, men den er godt framkomeleg . Følg den godt synlege stigen ca. 1,2 km fram til Svenkeheller.