| Sundag 7. desember 2008
samla Bø Turlag i samarbeid med Bø Fiskelag og
Miljøagentene 60 små og store på Uvdalstjønna.
Stålisen var 18 cm tjukk og godt brukande til
isleik sjølv med noko snø oppå. Klarvêr og 10 kalde grader gav god
vinterstemning. Pølsemat og pinnebrød blei grilla på eit stort bål på
isen. Bålet gav og varme til kalde skrottar. Bø Fiskelag rigga seg til
inne i vika og halte etter kvart opp 8 tryter. Dei lærte bort nokre knep
til mange interesserte.
Takk til Eikjabygda vel som lånte bort
badeplassen til parkering. |

Bålplassen mot Gygrestolen

Frå venstre på bildet: Arne Mathias Lia, Per Ingvar Haukeland, Marta Kjøllesdal, Ragnhild Aarrestad, Liv Matilde Aarrestad Torrealba (på
fanget), Olav Listøl og Helge Eika |

Helge Eika i Bø Fiskelag
demonstrerar isfiske.
Frå venstre på bildet: Helge Eika, Frøydis Haukeland,
Isak Haukeland, Ingvild Haukeland, Frida Grav Lunde, Per Ingvar Haukeland (bak) og Ingrid Kjøllesdal
Johnsrud
Klikk på bilda
for større format!
Foto: Arne Hjeltnes |